Gå til innhold Gå til sidemenyen Gå til høyremenyen

Rennesøy kommune

Det gode liv - på dei grøne øyane

Om kommunen

Rennesøy kommune er ein del av det unike øyriket i Ryfylke og ligg i grenselandet mellom Nordsjøen og det fjordrike indre Ryfylke. Denne plasseringa gjev stor spennvidde og variasjon i natur og landskap.
 
Kommunen har åtte busette øyar. Det er Rennesøy, Mosterøy, Bru, Fjøløy, Klosterøy, Vestre Åmøy, Sokn og Brimse. Kommunegrensa er frå reguleringa i 1965 og før den tid fanst her to kommunar eller herad; Rennesøy og Mosterøy. Sidan opninga av Rennfast i 1992, er alle øyane unntatt Brimse knytt saman med bruer og undersjøiske tunellar. I tiåret før Rennfast var det nedgang i folketalet. Etter opninga aukar folketalet med netto tilflytting. Kommuneplanen regulerer tilflyttinga og folkeveksten, slik at ho ikkje vert høgare enn kommunen klarer å følgja opp sosialt, kulturelt og økonomisk.
Dei fyrste som kom hit for omlag 11 000 år sidan, var nomadar som levde av jakt. Dei budde her nokre veker om gongen og flytta etter som viltet vandra og årstidene skifta. Det var ein gradvis overgong frå å hausta av naturen til å leva av å dyrka jorda. Ordet bonde betyr bufast. Når ein byrja å dyrka jorda, vart folk bufaste. Historisk har jordbruk, fiske og sjøtransport vore dei viktigaste næringane. Desse var ofte drive i kombinasjon med kvarandre. Sildefisket om våren var ei særs god inntektskjelde og var ein viktig grunn til at mange bønder kunne kjøpa gardane på 1800-talet. Når moderniseringa skaut fart på midten av 1900-talet, valde dei fleste å satsa på landbruk.

Kontakt

Rennesøy kommune
Postboks 24
4159 Rennesøy


Følg oss:



Kommunenummer:         1142
Organisasjonsnummer:  964 979 545