|
Du er her: Nyheter > Justert organisasjonskart frå 01.07
Justert organisasjonskart frå 01.07
Etter ein omfattande gjennomgang i heile organisasjonen er no hovudbrikkene på plass i ny internorganisering i Rennesøy kommune. Den nye strukturen framgår av justert organisasjonskart. Mens dei fleste justeringane blir iverksett frå 1.juli, vil ny intern-organisering innan området bu og rehabilitering tre i kraft frå 1.september.
?xml:namespace>
Den nye strukturen byggjer på kommunestyret sitt vedtak om å samle kommunen sitt tenestetilbod i tre breie område: Helse og velferd, Kultur og samfunn og Oppvekst og læring. Etter den siste gjennomgangen er sentraladministrasjonen og økonomi- og innfordringsavdelinga slått saman til ei felles avdeling, Fellestenester.
Den nye strukturen inneber ikkje endringar i samansettinga av rådmannen si overordna leiargruppe, men avklarar leiarspørsmåla på neste nivå. Saman med den overordna leiargruppa vil leiarane for dei enkelte tenesteeiningane utgjere kommunen sitt utvida Leiarforum. Rådmannen vil innkalle Leiarforum minst to gonger årleg.
?xml:namespace>
Rådmann Knut Underbakke er glad for at hovudbrikkene i den nye organisasjonsstrukturen no er på plass, og gir dei tilsette stor honnør for konstruktivt engasjement gjennom prosessen. ” Eg er sikker på at både sjølve strukturen, og ikkje minst prosessen som er gjennomført, vil vere med på å gjere Rennesøy kommune endå betre rusta til å møte store utfordringar og gjere ein skikkeleg god jobb for innbyggjarane våre,” seier rådmannen.
?xml:namespace>
I tillegg til eit oppdatert organisasjonskart for heile kommuneorganisasjonen finst det på nettsida under kvart av dei tre tenesteområda og Fellestenester meir utfyllande informasjon om ansvar, arbeidsoppgåver og intern organisering.
Sist oppdatert av Siri Dysjaland,
01.07.2010
|